ANNONSE:

Kveli, Rånes og Bremseth kommer med humor og kanari.

«Humor og kanari» på kulturhuset

Tett program på kulturhuset denne veka; her kjem det ei kjapp opplisting over kva som skjer dei næraste dagane:

Tysdag 30. januar

Kl. 19.30: Forfattarmøte med GUNN MARIT NISJA på biblioteket. Sunndalingen gav ut «Gullungen» før jul og spør: Kven skal beskytte ungane mot kvarandre? Gunn Marit har gjeve ut seks romanar og har ein trufast lesarskare. ARK Surnadal vil også vere til stades, om nokon vil kjøpe seg ei signert bok.

Kl. 19.30 går også den norske dokumentarfilmen SAU – ein varm film om ein meir og meir sjeldan måte å drive gard på. Men ikkje fortvil om du også vil hatt med deg forfattarmøtet i etasjen over: SAU blir også vist torsdag kl. 13 (på den framsyninga blir det også selt honnørbillettar) og kl. 19.30.

Portrettbilde av ei dame.
Gunn Marit Nisja.

Onsdag 31. januar

Kl. 12: Seniorfilmklubben viser magiske PANS LABYRINT. Vi er i etterkant av den spanske borgarkrigen og det er framleis nokre lommer med motstand att. Den lille jenta Ofelia er motvillig i sentrum for desse kampane og blir oppsøkt av ein faun, ein romersk segnfigur, som vil utfordre ho for å kome ut av denne trasige situasjonen. Filmen vann tre svært så fortente oscarar i 2007.

Kl. 18: JUNGELGJENGEN PÅ VERDENSTURNE er nok eit heseblesande møte med «Jungelgjengen» – animasjonsfilm spekka med tempo, humor og artige figurar. Filmen går også fredag (kl. 18), søndag (kl. 17) og neste onsdag (kl .18).

Kl. 20: DE GJENVENDTE (15 år) er ein humoristisk vri av ein zombiefilm, så her er det berre å bunkre på med popcorn. Det har vorte funne opp ein kur for å gjera zombiane ufarlege, og i filmen følgjer vi eit program for å hjelpe dei tilbake til samfunnet.

En fantasifigur med horn og ei jente.
Pans labyrint
Animerte dyr fra filmverdenen.
Jungelgjengen

Torsdag 1. februar

Kinotilbodet med SAU er allereie presentert, så da er det å skru klokka fram til kl. 18.30 og til humorshow i Storstuå med Kveli, Rånes og Bremseth.

Det nye showet er kalla HUMOR & KANARI og har fått merkelappen «humormusikalsk underhaldning». Dei som har vore på showa til humortrioen før, vil kjenne att nokre kjente figurar, men publikum vil også bli presentert for nye kuriøse skapningar.

Ei dame og en sau.
Sau

Fredag 2. februar

Barnefilmen for helga blir Jungelgjengen, men det blir ny vaksenfilm fredag kl. 20 og søndag kl. 19: DREAM SCENARIO, med Nicolas Cage i hovudrolla og regissert av norske Kristoffer Borgli. DREAM SCENARIO er ein snurrig film som har fått god utteljing på terningkasta. Cage spelar ein grå universitetslærar som plutseleg får livet endra på dramatisk vis: Han dukkar opp i draumane til folk og blir omsnakka og kjendis. Det er da berre triveleg, heilt til draumane med han ikkje blir så trivelege lenger…

En mann med en bil i bakgrunnen.
Dream Scenario.
Powered by Labrador CMS