ANNONSE: Surnadal kino
Frå Moskva til Motunui
Seniorfilmklubben viser STALINS DØD onsdag 27. november kl. 13. Og den handlar sjølvsagt om Josef Stalin – men mest om dei han delte makta med. Så dette er ikkje noko å flire av – eller rettare: det er akkurat det det er.
Josef Stalin, leiaren av Sovjetunionen gjennom knappe tretti år, var skruppellaus og paranoid. Det resulterte i at mange millionar av hans eigne landsmenn vart avretta eller sendt til dødsleirar i Sibir. Alle kring han var difor livredde for eigne liv. Filmen handlar om det som skjedde da han døde i 1953 – og, altså: dette er faktisk ei komedie, ei absurd satire av dei aller beste, og også svært avslørande for kor “små” mange såkalla store menn er.
Meir maktsjuke menn kan du treffe i GLADIATOR 2 (15 år). Likte du den første filmen, vil du også like denne. Betre effektar i 2’rn, men kanskje litt svakare dialogar enn i den første Gladiatoren.
Andre «gamle» filmar denne veka er TRE MENN TIL VILMA (9 år), JUL MED ASTRID LINDGREN (for alle) og TERRIFIER 3 (som absolutt ikkje er for alle: 18 år).
VAIANA 2 (6 år), frå Walt Disney Animation Studios, er den nye filmen for dei yngste med premiere til helga. I denne filmen legg Vaiana ut på ei farleg reise ut frå Motunui saman med Hei Hei og Pua. Filmselskapet melder at det er sekvensar med blinkande lys som kan påverke dei som er følsame for slikt.
Heile kinoprogrammet, med tider, finn du på https://surnadal-kulturhus.no/