ANNONSE:

Finsk tragikomedie
Meir tørrvittig finsk humor, kombinert med grå kvardagsrealisme, i filmklubben på onsdag.
Filmklubben viste finske Aki Kaurismäkis siste film, «Høstgule blader», i haust – og trass i ein solid dose traudig innhald, slo filmen godt an. Difor blir også Kaurismâkis nest siste film, DEN ANDRE SIDEN AV HÅPET (2017), vist, og det onsdag 2. april kl. 12.
I filmen møter vi den syriske flyktningen Khaled som kjem seg til Finland som blindpassasjer på eit lasteskip. Der møter han skjorteseljaren Wikström som har reist frå ei uinteressert kone, vinn stort i eit tvilsamt pokerlag og som vil kjøpe ein sliten restaurant for pokerpengane.
Sett bort frå pokerhanda til skjorteseljaren, tek Kaurismäki nok ein gong parti for dei som har fått utdelt dei dårlegaste korta i samfunnet. Sjølv fekk han gode terningkast med kritikarane for filmen, og dei fleste hamna på hyggelege fem eller seks augo.
Så over til ein mann som ikkje er like hyggeleg mot alle: Jason Statham er A WORKING MAN (15 år). Og arbeidet til Statham går ofte ut på å slå ned folk, eller rydde dei av vegen på andre måtar. Det har han drive med i mange år, og Jason verkar framleis morsk. Så om du har sett actionfilmane til Statham før, som «The Transporter» og «The Expendables», veit du kva du får sjå i denne filmen også. Så ingen grunn til å tvile på varedeklarasjonen og lokal premiere er fredag 4. april.

Same kveld blir det norgespremiere på A MINECRAFT MOVIE (9 år) – spelefilmen basert på det bestseljande videospelet gjennom tidene. Da seier vel målgruppa seg sjølv, vil ein tru. Den handlar om ein noko original gjeng som forvillar seg, via ein portal, inn i eit eventyrland. Det er ni års aldersgrense for denne. Men dei som er inntil tre år yngre og modne nok til å sjå filmen, kan sjå den i følgje med ein føresett (eller ein anna vaksen på vegner av den føresette).

Elles er det framleis muleg å få sett DEN STYGGE STESØSTEREN (15 år) og SNEHVIT (9 år).
Og her ser du når filmane går: https://surnadal-kulturhus.no