Surnadal IL Turn:
Gode prestasjonar i helgas SALTO-konkurranse
Søndag drog 28 ivrige gymnastar frå Surnadal IL til Molde for å representere turngruppa i ein såkalla SALTO-konkurranse. SALTO står for Sosialt – Allsidig – Leik – Turn – Oppvisning, og sjølv om det er mange som viser fram saltoar i desse konkurransane, er det ikkje noko krav. Tvert imot, her kan også absolutte nybegynnarar bli med, det finst øvingar på mange ulike nivå som ein kan velje blant. Alle saman får individuelt vise fram tre øvingar: ei øving med trampett, ei øving, der dei hoppar over ei kasse ved hjelp av eit brett, og ei øving beståande av fleire element på frittståande-golvet.
Denne gongen kom dei ca. 200 deltakarane frå åtte ulike klubbar frå heile Møre og Romsdal for å vere med i konkurransen.
På formiddagen var det 16 spente aspirantar (3.-5. klasse) frå Surnadal som skulle vise fram turning. For fleire av dei var det allerførste konkurranse dei prøvde seg på, andre har vore med mange gongar før. Uansett er det alltid spennande og mange som grugler seg på førehand. Hugsar ein øvinga si? Klarer ein å lande hoppet sitt? Er det nok sprett i frittståande-golvet?
Stort sett går det bra, og i aspirant-klassen får alle ein positiv tilbakemelding frå synsarane som dei kan ta med seg vidare til neste konkurranse. Og så får sjølvsagt alle ein premie. Medan dei yngste presenterte øvingane sine, var det fleire av dei eldre gymnastane som var med som medhjelparar undervegs, nokon var med på oppvarming, nokon følgde gymnastane frå stasjon til stasjon og nokon stilte som synsar.
På ettermiddagen blei det litt meir alvor. Da blei det konkurranse for rekruttar (6.-7. klasse) og junior/senior (8. klasse og eldre). Her tek alt litt meir tid, fordi dommarane skal komme fram til ein poengsum. Men mens ein ventar på tur kan ein følgje med på kva dei andre gymnastane får til.
Rekruttane og juniorane var storfornøgde med eigne prestasjonar på trampett, da alle saman klarte å lande triksane sine. Også på frittståande-golvet var det mange som verkeleg fekk kontroll over konkurranse-nervane og viste fram turning på høgt nivå. Og sjølv om dei eigentleg konkurrerer mot kvarandre var det mykje jubling og klapping for kvarandre.
Blant rekruttane frå Surnadal gjekk det aller best for Ine Øie, som leverte ein nydeleg øving med både baklengssalto, tempi-flikk-flakk, stift og fleire andre element på frittståande-golvet. For denne prestasjonen fekk ho totalt flest poeng blant alle rekruttane i konkurransen og dermed bestemannspremie i apparatet.
Blant junior og senior frå Surnadal var det Elke Zwick som klarte seg best. Ho vann andreplass samanlagt, og kunne ta imot premien sin med et stort smil.
Det er artig å sjå at vi i Surnadal har gymnastar på så høgt nivå, sjølv om vi berre er ei lita turngruppe med veldig få trenarar og lite utstyr, samanlikna med dei allerfleste andre klubbane i kretsen! Og så er det minst like artig å sjå at det ikkje berre sit foreldre i publikum, men også gymnastar som ikkje kan vere med sjølv pga. sjukdom, samt tidlegare gymnastar som har lyst til å heie på gjengen vår.