Namnekonkurranse i Surnadal IL:
Kva skal maskotane heite?
Mange har vel lagt merke til desse to artige typane i Surnadal idrettshall i vinter. Ei ku og ein rev, som ifølge leiar i Handballgruppa i Surnadal, Elin Mo, representerer Surnadal godt, med både ut- og innmark.
–Maskotane vart kjøpt inn for å vera med å skape litt liv på minicupen. Der hadde dei i oppgåve å dele ut frukt til ungane, seier Oddrun Husby, som er sekretær i Handballgruppa i Surnadal.
– Sjeldan vi har sett så mange ungar ete så mykje frukt.
Oddrun fortel at det er mange som har lyst til å kle på seg maskotdraktene, så dei har vore med på både cup og kampar.
– Dei er supergode til å spreie glede i hallen. Dei elskar ungar, og dei likar å danse og leike seg, sier Oddrun.
Idrettslaget treng no kreative innspel til kva namn dei skal få.
Har du eit godt forslag?
Send namneforslaga dine til leiar i handballgruppa Elin Mo, på adresse: elin.silhandball@gmail.com