Pipelife Show and Style
Sol og høge svev i Sæterlia
Kretsrenn i fri-ski
Dagen kunne ikkje vore finare når Surnadal IL søndag 1o. arrangerte Slopestyle og Big Air, to konkurransar i kretscupen Pipelife Show and Style. Mesta 60 deltakarar og mykje spent publikum var møtt i bakken søndag. Denne gongen var det deltakarar frå Surnadal, Søya, Betna, Oppdal og Freidig. Største klassen var superkids, heile 28 stk, dei køyrer slopestyle, og kjem alle på førsteplass.
Dei rangerte klassane er kids (u12), yngre junior (u14), junior og senior. Det er flest gutar som deltek, men det var ei i jente med kids, ei i yngre junior og fire i junior. Vi heier på dei tøffe jentene.
I guteklassane var det stor deltaking, og mykje god køyring og avanserte triks. Surnadalingane sikra seier i yngre junior og junior i slopestyle, og i klassen kids i big air.
Det var stemning og musikk i bakken, og både renn og premieutdeling var sydd proft saman med kommentatar frå Balder Gormset, eit stort forbilde for unge friskiarar, med sine spenstige triks godt dokumentert på Instagram.
Trollheimsporten vil gratulere alle deltakarar med flott innsats, og klubben og alpinanlegget med saumlaust arrangement. Dette kan de!!
Fleire bilde, bla med pilene (takk til alle i SIL freeski som sendte inn bilde):
Resultat: