Pipelife Show & Style-kretsrenn i freeski
SIL-utøvarane avslutta sesongen sterkt på Vassfjellet
-gode resultat i Slopestyle og Big Air
Laurdag 15. april vart det arrangert renn i både Slopestyle og Big Air på Vassfjellet. Dette var dei to siste renna i Pipelife Show & Style, som er Sør-Trøndelag skikrets sin kretscup i freeski. Det har til saman vore seks renn, tre i kvar grein. 12 utøvarar frå Surnadal IL deltok i Vassfjellet.
I Slopestyle vart det 1. og 2. plass på Tiril og Marikken Fjelnset i kids jenter. I denne klassen hadde sponsorane komme opp med ski som premie, så Tiril kan gle seg til neste sesong på splitter nye ski. I kids gutter var det 2. plass på Håkon Aune. Jacob Dyrli køyrde godt, og kjempa i toppen han og. I yngre junior gutter fekk Aron Husby Aamodt tredjeplassen, og vi kunne observere sterke prestasjonar av Brage August Strand. I nygre Junior jenter vart det 1. og 2. plass på surnadalsjentene Signe Roaldset-Fiske og Simone Akrim. I junior gutter vart det 1. og 3. plass på Kristian Fjelnset og Martin Sørlie. Sterkt prestert!
I Big Air vart det og gode resultat. Første- og andreplass til Tiril og Marikken og førsteplass til Håkon i kids klassane. 1. og 3. plass til Signe og Simone i yngre junior jenter, og 2. plass til Martin Sørlie i juniorklassen.
Signe Roaldset-Fiske fekk utdelt prisen som kretsmeister i yngre junior jenter. Inga Blomstrand Harang deltok ikkje på renn i Vassfjellet, men har mest poeng totalt i kretscupen i klassen junior jenter. Med underteikna som einaste deltakar i senior jente, og berre sil-utøvarar på pallen i kids, så kan vi vel seie at klubben har dominert på jentesida denne sesongen i alle fall. Det er absolutt rom for fleire utøvarar, og spesielt jenter. Freeski er gøy!!
Fleire bilde frå dagen (bla med pilene):