Åpen hall i Surnadal Idrettshall
Lørdag 21. oktober arrangerte Surnadal IL Barneidrett nok ein gong åpen hall i Surnadal idrettshall.
Allereie da arrangementet åpna kl. 10.00 var hallen begynt å fylles opp av barn i alderen 0-10 år, foreldre og besteforeldre. Barna hadde mange aktiviteter å velje mellom, og kom kjapt i gang med leiken.
Fleire småbarnsforeldre seier at dei sett pris på at det finst eit slikt tilbod i kommunen, og at det er ein fin arena for å treffe andre foreldre og barn.
Byggjeklossar, bilkøyring, bowling, sklie, trampoline og balansebenk er noko av det barna har moglegheit til å prøve på åpen hall. Her er det mykje å gjere for både dei minste barna, og dei litt større.
I tillegg til leik var også kiosken åpen, med sal av blant anna muffins, kanelboller, kake og saft.