Annonse
Surnadal IL Barneidrett støttar TV-aksjonen!
Surnadal IL Barneidrett har gitt 10.000 kroner til TV-aksjonen.
Mottakaren Barnekreftforeningen skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Som barneidrettsgruppe kan vi – dessverre – rekne med at nokon av ungane i målgruppa vår og familiane deira vil få behov for tilboda familiehusa gir, og dette er eit viktig formål som det er naturleg for oss å støtte opp om.
Barneidrettsgruppa oppfordrar alle til å bidra med det dei kan, kvar ei krone hjelper. Besøk giverstafett.no/gi-gave eller bruk Vipps til 2133.