Gerd Ingrid Kvendset tok over leiarrolla etter Trygve Roaldset

Leiarskifte i Surnadal Heimbygdlag

Publisert

På årsmøtet i Surnadal Heimbygdlag 10. mars fekk leiaren Trygve Roaldset avløysing etter å ha stått i spissen for laget sidan 2008. Gerd Ingrid Kvendset tok over leiarrolla. 

I tillegg skjedde det også ei anna viktig fornying i laget, ved at Eirik E. Klinge kom inn som fast medlem i styret. Årsmøtet gjekk elles greit for seg, medlemstalet i laget held seg stabilt, og økonomien og aktiviteten med kulturarrangement og støtte til bokproduksjon er god. 

Det nye styret i Surnadal Heimbygdlag. Frå venstre Eirik E.Klinge, Gerd Ingrid Kvendset, Eivind Hasle, Leif Roar Bævre og Svein Sæter.

Generelt har målrørsla hatt god oppslutning og medlemsvekst dei siste par åra, men styret ser gjerne at oppslutninga om heimbygdlaget kunne vere større også i Surnadal og Rindal.

Powered by Labrador CMS