Surnadal Heimbygdlag:
Årsmøte med Hyldbakk og «heimespråket vårt»
Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøte 27/2, og både 125-årsjubileet for Hans Hyldbakk og «heimespråket vårt» sette sitt preg på det. Songlaget «Tordenskjold» har tatt på seg ansvar for å markere 125-årsjubileet for Hans Hyldbakks fødsel i år, og Per Ivar Østbø orienterte om planane for markeringa sist i april. Det var stor interesse på årsmøtet i Heimbygdlaget for å bidra både økonomisk og praktisk til ei god markering, og møtet såg samtidig sjansen til marknadsføring og sal av både diktsamlinga og andre bøker etter Hyldbakk.
På årsmøtet vart det elles orientert om 100-årsjubileet for Orkdal vgs, ein skole som «var norskdomsrørslas verk» då han starta for 100 år sidan, i 1923, og som har hatt både mange elevar og fleire lærarar frå Surnadal og Nordmøre elles. Og etter årsmøtet hadde Bernt Bøe eit inspirerande kåseri om «heimespråket vårt», det munnlege talemålet vårt som ligg så nært opp til det nynorske skriftspråket, slik til dømes Leif Halse og Hans Hyldbakk praktiserte det.
Sjølve årsmøtet gjekk greitt heilt fram til valet, som ikkje var skikkeleg førebudd. Fleire av dei sittande styremedlemmane hadde varsla om at dei etter mange års innsats vil trekke seg, men det var ikkje arbeidd godt nok med å få på plass nye styremedlemmar. Heimbygdlaget må derfor ha eit ekstra årsmøte snarast råd for å få det nye styret på plass.
Eivind Hasle skrivar