Møte mellom frivillige
Onsdag 12. oktober inviterte Surnadal frivilligsentral frivillige enkeltpersoner, lag og foreiningar som nyttar sentralen sine lokaler, til pizzalag.
Olav Bergheim fra vaksenopplæringa ga eit foredrag om flyktningstatusen her i Surnadal. Dei oppmøtte fekk eit innblikk i kva for utfordringer både flyktningane og kommunen står ovanfor. For å gjere kvardagen til flyktningene lettare er det definitivt behov for fleire frivillige. Eit vakent publikum og ein god presentasjon resulterte i nye tankar, og moglege nye samarbeidsrelasjonar.
Elles vart kvelden brukt til å utveksle erfaringar rundt det å få tak i enda fleire. Rekruttering er eit tilbakevendande tema for mange lag og foreiningar i dag. Da hjelper det litt å møtast slik som denne gjengen gjorde på onsdag, og dele gode forslag og idear.