Mennesker drikker kaffe rundt et bord
Praten gjekk livleg kring kaffiborda.

Medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag

Publisert

Onsdag 23. oktober var det atter duka til medlemsmøte på Frivilligsentralen. Bilda med tekst gir eit innblikk i kva som stod på programmet.

En rosa blomst
Ein av dei fine gevinstane.
En mann snakker i en mikrofon og viser fram et kart på skjermen
Lars Gudmund Røen heldt eit svært interessant kåseri om James Lawrence Chawort Musters, son til John Patric og Mary Ann; kalla Polly. James Lawrence var yngst av elleve søsken. Han var interessert i natur, spesielt i smådyr og fuglar. Etter at foreldra døydde, vart han eigar av Vaulen. Under 2. verdskrigen var han med og starta kompani Linge og shetlandsgjengen. Han rømte over til Shetland fordi han var etterlyst av tyskarane.
En mann spiller Keyboard
Trond Larsen ga stødig tonefølgje til allsongen.
En kvinne leser opp fra et ark
Eldrid Mahle (bildet) orienterte om helsekontaktane sine oppgåver i pensjonistlaget. Anne-Sissel Ulven Mogstad refererte frå Haustkonferansen i Kristiansund.
To kvinner står på kjøkkenet
Sukkerbitar til kaffien er visst avleggs, men ikkje sjokolade. Ragnhild Vorum og Wenche Ø. Kvendset i sving med å fylle skålene.
Smørbrød med ost og skinke og diverse frukt og grønt
Nydelege smørbrød frå sjukeheimen smakte fortreffeleg!
Powered by Labrador CMS