Menn og damer som danser
Familievals

Surnadal Folkedanslag 60 år

Publisert

60-årsdagen blir feira laurdag 5. april på Thon hotel Surnadal med festmiddag, litt program og dans.

Surnadal Folkedanslag, tidlegare Surnadal leikarring, har i 2025 vore aktivt i 60 år. Laget vart skipa 5. april 1965. Føremålet var arbeid for folkedans og bygdekultur.

Medlemmene møtes på Nordmøre Folkehøgskule kvar tysdag kveld. Der blir det dansa ei blanding av folkedans, swing og turdansar.

Menn og damer som danser
Ålandsshottis

Det blir spesielt lagt vekt på å halde liv i tradisjonsdansar frå Nordmøre, som t.d. Nordmørspols i Todal-tradisjon, stegvals og lokale turdansar.

Trond Larsens trio spelar opp ein gong for månaden, elles nyttar laget høgtalaranlegg.

Tre musikere. En på trekkspill, en på gitar og en på bass
Trond Larsens trio

Medlemmene er flinke til å møte opp på dansekveldane, for det meste godt vaksne folk.

Det er kaffepause på alle dansekveldane der praten går livleg.

Medlemstalet er minkande. Vi saknar ungdommen og yngre vaksne, og oppmodar alle, unge og eldre, til å komme og vere med å danse. Du vil få innføring av erfarne dansarar.

Powered by Labrador CMS