Pressemelding:

– Gode tekstar, ein kopp kaffe og fellesskap. Velkomen til å delta på litterært pusterom, seier biblioteksjef Gunhild.

Ut av bibliotek­rommet med lesing og fellesskap

Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.

Åsskard og Todalen

Først ut blir Åsskard og Todalen. I Åsskard blir det arrangert Litterært pusterom i kyrkjestova den 6. juni kl. 18, her er Åsskard sokneråd med som arrangør. I Todalen er samarbeidspartnaren Skulstuå, og det blir Litterært pusterom i Skulstuå den 20. juni kl. 18.

Det er biblioteksjef Gunhild Marie Täringskog som jobbar med prosjektet og som skal vere leseleiar på lesestundene.

Litterært pusterom

«Litterært pusterom» er ei lesestund der ein brukar metodikken «Shared reading» eller «delt lesing». Ein sertifisert leseleiar samlar ei lita gruppe og les høgt for denne. Oftast les ein ei novelle og eit dikt.

Det er rom for å snakke saman om teksten og undre seg over det ein har lese. Det er ei kravlaus stund utan førebuing for deltakarane – og det er og heilt greitt å berre lytte til teksten og dei andre. Ein kopp kaffi med noko attåt høyrer óg med.

– På biblioteket i Surnadal har vi hatt så mange fine og gjevande stunder på Litterært pusterom. Det viktige er ikkje litterær analyse eller å kome fram til ein fasit. Det handlar om kva oppleving teksten gjev oss og kva den får oss til å tenkje på. Ofte er dette ulikt frå person til person, og det er så artig og berikande å dele tekster og tankar på denne måten. Det blir eit veldig fint og trygt fellesskap, seier Gunhild Marie Täringskog.

Les for livet; logo for prosjektet «Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet» av Trøndelag fylkesbibliotek og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet kursa leseleiarar i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2019-2022.

Prosjektmidlar til aktiv formidling

Prosjektet «Ut av bibliotekrommet» er støtta av Nasjonalbiblioteket, og prosjektmidla går til frikjøp av arbeidstid, m.a.o. innsetting av ekstrahjelp.

– Då Nasjonalbiblioteket lyste ut midlar til aktiv formidling i biblioteka i fjor haust, tenkte eg at eg ville søke om midlar til eit prosjekt som prøver å nå nye brukarar og som bringer nokre av tilboda våre ut av bibliotekrommet og ut av sentrum, fortel Gunhild vidare.

– Prosjektet famnar å drive aktiv formidling av litteratur både til ungdom og til innbyggarar utanfor sentrum. Foreløpig har eg planar om eit samarbeid med Surnadal vidaregåande skule, og før året er omme håpar eg å ha hatt Litterære pusterom i dei fleste delar av kommunen. Aktuelle samarbeidspartnarar rundt om i kommunen må berre ta kontakt! avsluttar Gunhild.

Powered by Labrador CMS