ANNONSE:

Elvis returnerer

Alle western-entusiastar bør få med seg OLD HENRY. Og berre kort tid etter at Kjell Elvis var her, kjem «Kongen» tilbake på det store lerretet!

Endeleg ein westernfilm igjen, og heldigvis av den realistiske sorten. OLD HENRY er ein film spesielt for dei som er gamle nok til å kjenne att namn som «Billy The Kid», som veit at det ikkje lukta særleg grønsåpe og Klorin i Det Ville Vesten og som elskar lukta av krutrøyk om morgonen. Går som dagkino denne veka (tysdag/torsdag kl. 13) og onsdag kl. 20.30. Vel verdt å få med seg for dei som likar westernfilmar!

LIGHTYEAR er alternativet for dei yngre onsdag og søndag. Animasjonsfilmen frå Disney/Pixar handlar sjølvsagt om Buzz Lightyear, kjent frå t.d. «Toy Story». «Morsomt og energisk romeventyr», konkluderer NRK Filmpolitiet.

Det er Laksedagar i helga, og det gjer det for tungvint å vise film fredagskvelden. Så Baz Luhrmanns Elvis-film tek først av på søndag. Baz Luhrmann er kjent for filmar som «Romeo + Juliet» og «Moulin Rouge», visuelle og storslegne filmar – og det er nok også filmen om Elvis Presley. ELVIS vil også gå som dagkino i neste veke.

Powered by Labrador CMS