Annonse
Møre og Romsdal 110-sentral melder:
Matlaging utløyste brannalarm i Surnadal
På ettermiddagen første juledag rykka mannskap frå brannvesenet i Røtet ut til Svartvassvegen i Surnadal for å bistå med tilbakestilling av ein alarm. Alarmen hadde blitt utløyst ved matlaging.
Det er Møre og Romsdal 110-sentral som melder dette på Twitter.
#SurnadalBV Røtet sitt befal kl 16.38 ut til Svartvassvegen for å bistå med tilbakestilling av alarm. Årsaken til utløyst alarm var matlaging.
— Møre og Romsdal 110 (@MogR110Sentral) December 25, 2022