Ingrid Olava kjem til Vårsøghelga
Konsertane på Surnadal billag under Vårsøghelga, har etablert seg til å bli eit av dei aller største konserthøgdepunkta i Surnadal gjennom året. I år er det ei stor glede for arrangøren å ønske Ingrid Olava velkommen til Vårsøghelga.
Ingrid Olava har sunget seg inn i våre hjarter og for lengst befesta sin posisjon blant landets mest substansielle og viktige artistar. No får vi høre ho i Surnadals råeste konsertlokale, Surnadal Billag, skriv Vårsøghelga i ei pressemelding.
Sidan den kritikerroste debuten med Juliet’s Wishes har Ingrid Olava med si karakteristiske stemme og vakre pianospill levert eit imponerande antal konsertar og ein låtkatalog som har resultert i ei mengd prisar og nominasjonar gjennom ei popkarriere på 14 år.
Nytt av året er at det blir to konsertar på Surnadal billag fredag 26/5. Først blir det konsertforedrag om Kristoffer Uppdal og Hans Hyldbakk. Der får vi mellom anna musikk av Trygve Brøske og Henning Sommerro, framført av John Pål Inderberg og Ine Hoem, før konserten med Ingrid Olava startar.