ANNONSE:

Kampen om Dovrefjell

Svein og Yngvild Sæter er klar med ny bok, og Surnadal bibliotek inviterer difor til lansering med Svein Sæter tysdag 8. november kl. 19.

«Kampen om Dovrefjell» handlar om unike naturverdiar, og kva som truar desse verdiane.

Folk over heile landet har eit forhold til Dovrefjell. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Norge, hit kjem folk frå mange land for å fotografere moskus. No er villreinen ført opp på raudlista for første gong. Kva andre fjellskattar er i fare?

På lanseringa tar Svein oss med på ei eineståande vandring gjennom tid og rom i denne store fjellheimen. Boka «Kampen om Dovrefjell» blir også å få kjøpt.

Powered by Labrador CMS