ANNONSE:

Mandarinsaft spelar fantasirik og herleg barnemusikk

Spennande arrangement på Surnadal bibliotek i vinterferien

Laurdag 15. februar kl. 13:00 inviterer vi til gratis familiekonsert med Mandarinsaft! Dei er eit prisvinnande og populært band, som spelar fantasirik og herleg barnemusikk. 

- Mandarinsaft er skikkelig godt om du er tørst på frisk barnemusikk, seier dei.

Velkomen til alle barn og familiar! 

Biblioteket har og laurdagsope 15. februar, kl. 11-14.

Fredag 21. februar kl. 11-15 arrangerer vi teiknekurs for barn og ungdom frå 10 år - innan manga- og teikneseriesjangeren. Helen Kaldheim er kurshaldar. Ho har skreve og teikna den tøffe manga-serien Mørkalven. 

Helen Kaldheim er kurshaldar, og har skreve og teikna den tøffe manga-serien Mørkalven.

Vi held til på Frivilligsentralen, kurset er gratis, og deltakarane får og gratis lunsj. 

Her må vi ha påmelding, då vi har eit maks antal deltakarar. Her er lenke til påmeldingsskjema.

Begge arrangementa er støtta av midlar frå Bufetat.

Powered by Labrador CMS