ANNONSE: Surnadal kulturhus

Bilde av et brunt bygg med store glassvinduer og på siden står det 'SURNADAL KULTURHUS'

Nytt frå Surnadal Kulturhus

Buss

Området kring kulturhuset er litt inngjerda for tida, da det skal haldast utekonsertar her fredag og laurdag (21.–22. juni) som ein del av «Midtsommar i Surnadal».
På- og avstigning for buss er difor flytta til litt nedpå nordsida av huset (mot Svorka/FK/Kiwi) fram til telt og inngjerding blir tatt ned på søndag.

Surnadal Open

Forutan utekonsertar, torgplass og quiz, startar også «Surnadal Open» sin kunstnarlege rundtur frå kulturhuset fredag kl. 19. Torill Redalen og Siri Skjerve fortel om samarbeidsprosjektet sitt i Svorka.

Nye opningstider ved kulturhuset

Resepsjonen ved hotellet har utvida opningstidene sine. Det slår også positivt ut for kulturhuset, som med det blir ope alle dagar frå kl. 07 til kl. 22.30.

Nye opningstider  ved biblioteket

Biblioteket har gått over til «sommartid» og har ope kl.11–15 måndag–fredag. Men i og med at huset har utvida sine opningstider, vil alle med meirope tilgang kunne bruke biblioteket mellom kl. 07 og 22 veka gjennom. Merk at biblioteket vil halde stengt i vekene 30 og 31 – men vil vere tilgjengeleg for meirope-brukarane i denne tida.

Kinoen

Kinomaskina er reparert, så no blir det vist film til vanlege tider (sett bort frå fredag 21.06, grunna utekonserten den kvelden).

Powered by Labrador CMS