ANNONSE:

Meir ope på biblioteket

Biblioteket på Skei vil igjen ha ope på fredagane.

Opningstida på måndagane blir skuva lenger utpå dagen, så no opnar biblioteket først kl. 14 og stenger kl. 18.

På dei fire andre kvardagane, frå tysdag av, blir opningstida kl. 11-15.

Har du problem med å nytte deg av biblioteket i denne tida, bør du skaffe deg meirope tilgang (gjeld for alle over 18 år). Da kjem du deg inn mellom kl. 08 og 20 på dei fem kvardagane, kl. 11-15 på laurdagane og kl. 13-20 på søndagar.

Det er berre å ta kontakt om du vil låne eller reservere ei bok og ikkje kjem deg til biblioteket i opningstida. Det kan ein gjera via nettet (www.surnadal.kommune.no/bibliotek), sosiale media (facebook), mobil/SMS (476 80 797) eller e-post (biblioteket@surnadal.kommune.no). De vil da få ei melding når bøkene er klare til å hentast og dei vil ligge tilgjengeleg i 1.etasje.

Merk deg også at biblioteket har fleire digitale tilbod, både for e-bøker og lydbøker (appen BookBites) og film (filmbib og filmoteket). Du finn meir informasjon om dette på heimesida til biblioteket.

Powered by Labrador CMS