Ny prøveordning på SUBUS:

Åsmund Humberset og Live Aakvik seier det går greitt med dei nye mobilreglane, men ynskjer likevel at den gamle ordninga blir gjeninnført

Mobilfri skule

Førre veke fekk foreldra og elevane ved Surnadal barne- og ungdomskule beskjed om at skulen skal, i ein prøveperiode, vera mobilfri. Trollheimsporten har teke ein prat med Bjørn Høivik, assisterande rektor, og to elevar om korleis dei nye reglane fungerer.

Publisert

Det var Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), Skulemiljø- og samarbeidsutvalet (SSU) og skulen, som i samråd med politiet i Surnadal, hadde blitt einige om den nye prøveordninga.

Bjørn Høivik skreiv i ei VISMA-melding til foreldra at det har vorte avdekt eit større omfang av uheldig nettaktivitet blant ungdommane. Fri bruk av mobilar i friminutt og i overgangen mellom timar, førte til situasjonar det er vanskeleg å ha god nok kontroll på, fekk foreldra opplyst i meldinga.

Skulen hadde difor bestemt at det var på tide med ein «time-out», og innførte mobilfri skuledag for ein periode.

Går betre enn forventa

Når elevane kjem på skulen om morgonen må dei levere mobilen til læraren, dei får att mobilen når dei skal heim. Før leverte dei mobilen i eit «mobilhotell» i timane, men hadde hatt fri tilgang til mobilen i friminutt, det er det no slutt på.

Prøveordninga tredde i kraft 9. februar, og skal gjelde til saka blir teke opp att i eit SSU-møte 2. mars.

Bjørn Høivik fortel at skulen ofte drøftar bruken av mobil i skuletida, både som sosial arena og pedagogisk verktøy. Dei har i lengre tid sett uheldig bruk av mobilen, og ville no prøve ut korleis ein mobilfri skule ville fungere.

– Inntrykket mitt er at det går betre enn forventa, seier Bjørn.

– Nokre føler sjølvsagt at det er veldig vanskeleg, og tykkjer dei har blitt fråtekne ein rett. Eg forstår at det ikkje berre er enkelt, spesielt for dei eldste.

Sjakk- og kortspel

Bjørn ser fleire positive effektar av mobilfri skule.

– Det er gøy for oss «gamaldagse» å sjå oppblomstringa av sosiale aktivitetar i friminutta, nokre spelar sjakk i eit hjørne, andre kort. Vi har også opna gymsalen i langfriminuttet.

Målet til skulen er at elevane skal kjenne seg trygge, og at tiltaket kan ta bort ein stressfaktor i skulekvardagen.

Den assisterande rektoren håpar ungdommane kan sjå på det som ein pustepause.

– Eg har overhøyrd ungdommar som har ytra at: «Det e nå godt òg, da!». Mogleg det ikkje var meininga at eg skulle høyre det, smiler Bjørn.

Leiter etter klokker

Trollheimsporten møter to ungdommar på SUBUS, Åsmund Humberset og Live Aakvik. Åsmund er leiar i elevrådet på SUBUS, og Live er styremedlem.

Åsmund er ikkje så begeistra for dei nye mobilreglane.

– Det blir mindre å gjera i friminutta, eg tykkjer ikkje det er så gøy å spele spel, så eg går mest rundt og snakkar med folk, seier 9.- klassingen.

– Eg tykkjer det er uvant å ikkje ha mobilen tilgjengeleg, berre det å finne ut kva klokka er kan vera vanskeleg.

Live er einig.

– Folk går rundt og leiter etter klokker på veggen, seier ho.

Dei er begge einige om at mobilreglane var betre før.

– Nokre er veldig avhengige av mobilen, dei blir stressa og utrygge dersom dei ikkje har mobilen på seg. Dei brukar mobilen for å roe seg ned, seier Live.

Ho tykkjer likevel det går veldig greitt.

– Det går fint, vi overlever, smiler ho.

– Folk sit saman og snakkar og mange spelar kort, men vi sat saman og snakka før også, sjølv om vi hadde mobilen med oss.

Digital mobbing

Dei er begge einige i at mobilen kan misbrukast, det skjer at folk til dømes tek bilete av andre utan å spørje. Det tykkjer dei ikkje er greitt.

– Likevel meiner eg at vi kunne vorte advart, at vi hadde fått beskjed om at dersom det ikkje blir betre, så blir dei nye reglane tredd i kraft, seier Åsmund.

– Dei nye reglane kom brått på oss, seier Live.

Åsmund meiner mange ungdommar brukar mykje tid på mobilen.

– Somme brukar 11-12 timar kvar dag på mobilen, det er vanleg. Eg trur ikkje vi kan gjera noko for at ungdommane skal bruke mindre tid på mobilen, det er slik samfunnet har vorte, så alle må berre godta at det har vorte slik, seier Åsmund.

Foreldremøte

Skulen og FAU inviterer no til to møte i samband med mobilfri skule. Det første møtet er eit informasjonsmøte om nettbruk, og informasjon om bakgrunnen for prosjektet med mobilfri skule.

Det andre møtet er ein temakveld omkring nettvett med opplegget «Delbart», i regi av politiet. Der vil også førebyggingsrådgjevar Marit S. Meisingset ha eit innlegg om ungdomshjernen, og korleis sosiale media kan påverke den psykiske helsa.

Bjørn Høivik har stor tru på at dette blir matnyttige møte for foreldra. Møta kjem til å by på både fagleg påfyll og diskusjon.

– No er mobilfriskule berre ei prøveordning, og i utgangspunktet berre for ein periode, men det blir interessant å sjå korleis det går. På møta vil vi høyre kva foreldra tenkjer. Vi må ha ein open dialog om mobilbruken til ungdommane, det skadar aldri å prate saman, seier Bjørn Høivik.

Powered by Labrador CMS