Alpingruppa i Surnadal

30 ungar i alderen fire til tolv år stilte til start i Sæterlia.

30 ungar til start i Sæterlia

Alpingruppa melder om stor stemning på karusellrenn.

Publisert Sist oppdatert

Måndag kveld vart den første av tre rundar i Telenor Karusellrenn arrangert. Trass litt regn stilte heile 30 ungar i alderen fire til tolv år til start i Sæterlia.

Det var stor stemning og mykje skiglede blant ungane som køyrde i disiplinen superslalom.

Dei neste rundane blir arrangert 27.februar og 27. mars, og alpingruppa oppmodar enno fleire til å bli med.

Neste gong blir det pokal til alle, og kanskje ei overrasking.

..

Powered by Labrador CMS