Opninga var utsett til 29., på grunn av eit sunnkøyrd belte på trakkemaskina, men dei var heldige og fekk kjøpe eit belte frå anlegget i Trysil, og med iherdig innsats og skruing dag og natt, fekk dei orden på det, og fekk opna som planlagt. Vi har testa føret, teke ein prat med driftsleiaren og helsa på nokre av dei besøkande.
Bakken er no open til mast elleve. Det er enno ikkje muleg å preparere bakken heilt til topps. Til det trengst det litt krammare snø, kan Odd Rune fortelje. For å få bygd opp parken trengst det meir kulde, slik at dei kan produsere meir kunstsnø. Da bør det hels vere ein fem/seks minusgrader over litt tid. Heldigvis er det mykje vinter att enno. For at dei ivrigaste skal få utfolde seg med triks likevel er det lagt to rør i bakken.
For dei som trivst litt utanom dei preparerte løypene er det mykje pudder i skogen attmed, og her var det mykje ungdom som utfolda seg, både med naturlege utfordringar og eigenbygde hoppar.
Dette er fjerde sesong Odd Rune driv bakken, og det har vore ein fin trend med mykje besøk, trass utfordrande sesongar med koronanedstenging og restriksjonar. Han har tru på at dette og blir ein god sesong, og forhåndssalet av sesongkort har vore godt. Han oppmodar alle til å bruke bakken, slik at vi får behalde det flotte anlegget vårt. Sjølv om det meste har vorte dyrare i år, vel Surnadal alpinsenter å ikkje auke prisen på heiskorta.
Det blir lagt ned stor innsats av tilsette og frivillige i bakken, både før og under sesongen, og Odd Rune berømmer alle, og legg vekt på kor viktig desse ildsjelene er. Surnadal alpinsenter er og kjend for veldig god service.
I løpet av sesongen vil det bli arrangert fleire renn, damekveld, nybegynnarkveld, snøscooterdag og litt forskjellig. Oversikt finst på nettsidene til Surnadal alpinsenter. I romjula vil bakken vere open 11.00-15.00. Etter jula blir det vanleg opningstid.