Karusellrenn Surnadal IL alpint
Rekordmange til start i dagens karusellrenn
-full fart og stor stemning
Måndagskveld var det klart for den andre av tre rundar i Telenor karusellrenn i Sæterlia. Det må vere lovande for rekrutteringa til alpinsporten at så mange blidspente ungar koste seg med å delta på renn i regnveret. Yngste deltakar fyller fire i år og dei eldste tolv. Totalt talde gjengen 46 stk. Sjølv om det ikkje er rangering av tid i desse årsklassane, og alle er vinnarar, så er det ikkje noko tull og liksomrenn. Ola Vaseng hadde stukke ei tøff løype. Stig Ove Strand passa på at alle deltakarane fann sin plass i køa og Bjørnar Mogstad passa på at alle kom seg rett ut av startpinnen. Per Olav Hoem heldt styr på tidtakinga, og speaker Marit Granhus Langli kommenterte dei flotte svingane utøvarane tok ned mot målområdet. Formann i alpingruppa, Liv Jorun Aarnes Øverland og trenar Linnea Bævre pokal og sjokolade til alle. Velsmurt arrangement.