Surnadal alpinsenter

To menn som smiler bredt med skibriller foran skiheisen.
To glade kjørare, Bjørnar Mogstad (t.v.) og Harald Moen. Bjørnar er gledeleg overraska over kor bra kunstsnøen har heldt seg, tross i mildvær og regn. – Det er fantastisk å kunne stå på ski igjen, seier han. – No har vi venta lenge og er glad for at det endeleg er ope. Då har vi noko å finne på i jula, ler Harald.

Knallstart på sesongen!

Publisert Sist oppdatert

Etter eit uventa problem med godkjenning av heisen, opna endeleg Surnadal Alpinsenter seg i onsdag kveld. Ein strålande fornøgd dagleg leiar, Helge Røv, var på plass for å ønskje mange ivrige alpinistar velkommen.

Mann med briller og vernejakke.
Ein strålande fornøgd Helge Røv kunne endeleg erklæra bakken for open, etter at godkjenning av heisen var på plass.

– Eg er kjempefornøgd! Det var bortimot litt krise, men det løyste seg til slutt. Eg må nesten skryte av Statens Jernbanetilsyn fordi dei tok ei uvanleg rask saksbehandling no når papira endeleg kom på plass. Dei forstod situasjonen, og det var heilt avgjerande. No gler vi oss til ein lang og god sesong, seier ein tydeleg letta og glad Helge Røv.

Da Trollheimsporten var på besøk var det full fart, med mange glade skifolk i alle aldrar å sjå i bakken, i heiskøen og i varmestua.

Jente med skibriller
Skiglade Bea Kårvatn Korsnes (9) har gleda seg lenge til å stå på ski igjen.
Mange folk som venter på å ta skiheisen
Knallstart på sesongen med mange ivrige skifolk på plass i Sæterlia.
To karer i like klubbjakker.
Nils Inge Aasgård (T.v) og Tore Korsnes, trenarar i SIL-Alpin, smiler godt no som sesongen endeleg i gang igjen.
Skipatrulje som hjelper to ungdom med å få på t-kroken
Skipatruljen var på plass som vanleg. Her hjelper Ola Svinsås to ivrige skikjørare å kome seg på heisen.
Ungdom som venter på å kjøre på et stort hopp.
Parken er enno ikkje heilt ferdig, men med ein “big jump” og fleire “rails” var det ein godkjent start for ivrige ungdommar i alle aldre.
Powered by Labrador CMS