Åtte av dei tolv deltakarane som stilte til start i SG i dag var jenter. Det er litt stas at jentene dominerer i ein fartsdisiplin. Frå mast elleve suste dei ned ei lang, bratt løype i vill fart. SG blir køyrd i klassane U12 og eldre.
Det nærmar seg slutten på ein lang og god sesong for alpingruppa. Det er tydeleg at gjengen er samansveisa, for før start er det mykje latter skarvling og oppbacking. Somme var usikre på om dei hadde skikkeleg rennkjensle, men det vart det råd for. Her skulle det køyrast fort.
Dette var første del av klubbmeisterskapet. Laurdag blir det køyrd slalom og storslalom for dei same klassane, i tillegg til super slalom for U10. I desse disiplinane er det venta stor deltaking.