Møre og Romsdal KrF

Randi Fostervoll, guppeleiar Fylkestingsgruppe Møre og Romsdal KrF

Styrking av bemanning i Sjøforsvaret

Fylkesårsmøtet Møre og Romsdal KrF er sterkt bekymra over bemanningssituasjonen i det norske sjøforsvar. Marinen vil dei neste åra ha behov for over 1300 nye offiserar. Dette skriv Møre og Romsdal KrF i ein resolusjon fra sitt Fylkesårsmøte.

Publisert Sist oppdatert

Kombinasjonen av eit generasjonsskifte og utviding av marinen gjer situasjonen kritisk. I tillegg til nye fregattar og ubåtar skal det byggjast heile 28 standardiserte fartøy for marinen dei neste ti åra. Forsvaret har ikkje kapasitet til å utdanne alle offiserane som trengst for å operere desse fartøya.

Ifølgje Menon Economics-rapporten "Maritime karrierevegar" må rekrutteringa av sjøfolk aukast, og fleire må halde fram med å arbeide på sjøen over lengre tid. Per 2023 var det registrert 20 000 norske sjøfolk, og totalt 43 000 personar med maritime sertifikat tilgjengelege for arbeid i Noreg. Vel ein fjerdedel av desse er over 60 år, og dei neste ti åra er det venta at om lag 9000 norske sjøfolk går i land, anten for å bli pensjonistar eller for å ta anna arbeid.

Bemanningsbehovet i Sjøforsvaret overstig kapasiteten til Forsvaret sine utdanningsinstitusjonar. Samtidig slit den sivile arbeidsmarknaden med mangel på personell. Difor må det leggjast ein konkret plan for bemanning av den norske flåten i ei krisesituasjon også utanfor forsvarets eigne utdanningar.

Møre og Romsdal har eit sterkt maritimt utdanningsmiljø, med Campus Ålesund, NTNU, NTNU Ocean Training AS, Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), Maritimt Forum Nordvest og Fagskulen i Møre og Romsdal.

-Det er naudsynt med auka løyvingar til desse for å skape fleire studieplassar for å møte bemanningsbehovet i ei framtidig maritim krise. Utvikling av maritim teknologi må og vere ein del av denne satsinga. 

Møre og Romsdal KrF sitt fylkesårsmøte meiner at Regjeringa og Stortinget må finansiere oppbygginga av kompetanse og auka rekruttering gjennom eit tettare samarbeid mellom militær og sivil utdanning. Dette vil styrke beredskapen og sikre at forsvarsløftet vert oppfylt. Noreg må vere betre førebudd på ei mogleg krise, og det hastar.

Vi treng utdanna personell til Sjøforsvaret sin beredskapsplan. Kapasiteten som noverande og framtidige sjøfolk representerer, er ei styrke, men dette må ikkje gå ut over den sivile arbeidsmarknaden.

Å sikre Noreg si maritime totalberedskap krev målretta tiltak og reelle investeringar i maritim beredskapskompetanse. Møre og Romsdal KrF fylkesårsmøte meiner det hastar med at maritim utdanning, forsking og rekruttering må styrkast.

Randi Walderhaug Frisvoll
Gruppeleiar Fylkestingsgruppe
Møre og Romsdal KrF

Powered by Labrador CMS