ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

"Sommarjobb for ungdom 17"

Ordninga "Sommarjobb for ungdom 17" i Surnadal kommune.

Ungdomar som fyller 17 år i løpet av 2025 og som er registrert busett i kommunen, kan søke på ordninga.

Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.

Dei som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse to vekene samanhengande.

I 2025 er det ungdomar født i 2008 som kan søke og få tilbod om arbeid. Det er i år løyva midlar til 17 plassar.

Aktulle arbeidsoppgåver du kan få tildelt er:

Reinhald, rydding, vedlikehald av grøntanlegg, maling/beising, arbeid i barnehage, lett vedlikehald, kjøkkenarbeid, miljøtiltak på omsorgsbustader, i bu- og aktivitetstenesta eller ved institusjonane.

Tilsettingsvilkår:

Tilsettings-, lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.

Krav om tilfredsstillande politiattest for arbeid innan pleie- og omorgstenesten og i barnehagar. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide, må du hugse å skrive det i søknaden din.

Søknadsfrist: 15.05.2025

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS