ANNONSE, LEDIG STILLING:

Barnehagelærar
Vi har ledig fast 100% barnehagelærarstilling med ønska oppstart 1. august 2025
Ønskjer du meir opplysningar knytt til kva barnehage stillinga er lagt til, kan du ta kontakt med kommunalsjef Kenneth Bergstad.
Kvalifikasjonskrav:
- barnehagelærar
- barnehagelærarstudent
- erfaring frå arbeid i barnehage er ønskjeleg
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne med tanke på god dialog og god dokumentasjon
Det er aktuelt med ped.leiarfunksjon i barnehagelærarstillinga.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Det blir halde samtale med søkarar.
Om du blir ferdig med utdanninga di våren 2025, er det mogleg å søkje no og få tilbod om tilsetting under føresetnad av dokumentert bestått utdanning.
Om du er student på deltid, kan det vere mogleg å legge til rette for arbeid ved sida av studiet.
Andre barnehagelærarstillingar kan også bli ledig frå hausten 2025.
Vi tilbyr:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Søknadsfrist: 30.04.2025