Annonse
Surnadal pensjonistlag
Stavgang til Røstasetra
Idag var vi 36 som gikk i stavganggruppa, men gjennomsnittsalderen var fleire hakk legre i dag da vi hadde med oss 16 elevar frå SVS.
Vi gikk innover Vindøldalen til Røstasetra og såg på skadane etter uveret den 3. august. Etterpå gikk vi til hytta til Ola og Reidunn Halle, nokre gikk over bekken der det ein gong hadde vore ei bru, andre gikk etter vegen. Der drakk vi kaffe og vart påspandert eplekake både av Reidunn og elevane ved SVS.
Vi fekk ei lita regnskur, men ellers hadde vi ein fin tur og trivelig selskap ilag med ungdommene.