Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:

veg ved hus
Her ser vi kryssområdet sett frå Moabrekka.

Opphevar detaljreguleringsplanen for Moavegen 21 på Skei

Statsforvaltaren konkluderer med at planens verknader for trafikktryggleiken ikkje er tilstrekkeleg utgreidd.

Kommunestyret i Surnadal kommune vedtok 7. september 2023 detaljreguleringsplanen for Moavegen 21 på Skei. Planområdet ligg sentralt til i tettstaden. Formålet har vore å legge til rette for eit fortettingsprosjekt med inntil 10 nye leilegheiter i ei lågblokk.

Klage frå nabolaget

Planvedtaket blei klaga på av 14 naboar. Klagarane er uroa for trafikktryggleiken langs Moavegen, og særleg i avkøyringsområdet frå Moavegen og inn til planområdet. Krysset er plassert like ved eit fotgangarfelt, krysset ned til Moabrekka, og ein 90-graderssving der ambulansen har utrykking ifrå. Klagarane reagerer også på den planlagde kantparkeringa langs Moavegen. Dei ønsker at kommunen fastset ein reguleringsplan for sentrum før enkeltvise detaljplanar blir vedtekne.

Statsforvaltaren tar klaga til følgje

– Statsforvaltaren var på synfaring fredag 20. september. Vi ønskte å sjå staden og trafikkforholda, seier seniorrådgivar Andreas Welle Rusten hos Statsforvaltaren. 

Han fortel at også Statens vegvesen har vore tydelege på at plasseringa av køyringa er utfordrande, og at kommunen må gjere heilskaplege trafikktryggleiksvurderingar. Vegvesenet har også reagert på kantparkeringa.

– Vi ser i sakspapira at kommunen har vurdert fleire relevante forhold knytt til trafikktryggleiken, men sjølve kryssløysinga er ikkje omtalt. Ut frå innspela og klagene i saka skulle dette vore gjort. På synfaringa såg vi at uroa for moglege ulykker må reknast som reell. Ved å oppheve planvedtaket, sender vi saka tilbake til kommunen for ytterlegare utgreiingar av trafikktryggleiken i kryssområdet og langsmed Moavegen, seier Welle Rusten.

Powered by Labrador CMS