Stangvik historielag hadde årsmøte 1. mars 2023

Fem menn står på rekke og holder hvert sitt bilde av en plakat i hendene.
Knapt halvparten av dugnadsgjengen møtte opp på årsmøtet - frå venstre Knut Brenden, Einar A. Melling, Jarle Foss, Bjarne Holten, Steinar Holten og Lars Gudmund Røen.

Årsmøte i Stangvik historielag

Publisert

Leiaren, Einar Grønnes, kunne ønska ca 20 personar velkomne til årsmøtet på Hammerstuene onsdag den 1. mars. Framlagt regnskap, budsjett og årsmelding for 2022 vart samrøystes vedteke. Valkomiteen ved formann Magne Hansen hadde teke kontakt med alle tillitsvalte som var «på valg» for 2023, alle tok attval! Det vil seie at styret og for 2023 er sammensett slik: Leiar Einar Grønnes, styremedlemmer Marit Haugen (nestleiar), Lars Gudmund Røen (kasserar), Erling Myrbostad (sekretær) og Rolf Smisetfoss (styremedlem). Varamedlemmer er Torbjørn Polden og Anny Haugen.

Nytt av året var val på to personar til å ha oppsyn med den nyrestaurerte Steinløa og stiene som er merka dit. Til denne jobben hadde Magne to personar på lista – Bjarne Holten og Sverre Ranes – desse vart samrøystes valt. Årsmøtet diskuterte og aktivitetsplan for 2023, der det bl.a. vart forslag på å kontakte Todalen historielag om sams busstur (til Bud (?)). Forslag på dato her var 1. eller 8. juli. I tillegg var det forslag på å «ta en titt» på museet på Åsen, og den tradisjonelle Årnesdagen, der Gamle Stangvik Turlag er hovudarrangør. Styret vil arbeide vidare med aktivitetsplana og fastsette datoar m.m.

Steinløa oppi Svarrafjellet på Østbødalssida er no ferdig restaurert, stier dit og vidare til Svarrafjellet er rydda og ferdigmerka. For jobben som er gjort her hadde styret i laget kome fram til at dei ville gje alle som hadde vore med på arbeidet, og i tillegg dei to grunneigarane, ei lita påskjønning, ved å be dei til middag i samband med årsmøtet, samt å gje dei eit innrama bilet av løa som eit lite minne om dugnadsarbeiet.

Føre utdelinga orienterte Bjarne Holten (primus motor) om arbeidet som er gjort, og viste bilet av steinløa – frå «steindungen» som var utgangspunkt for arbeidet, og frå dugnadsarbeidet fram til løa slik ho står i dag – her er det lagt ned mange dugnadstimar! I tillegg til det «synlege» arbeidet, ligg det og ikkje så få «vendingar» med «papirarbeid» attafor eit slikt prosjekt, her nemnde Bjarne at han hadde hatt god hjelp av bl.a. Erling Myrbostad til skriving av søknader o.a. Av dei 13 som hadde vore med på dugnadsarbeidet møtte 6 stk på årsmøtet og fekk overlevert kvar sin innrama «minne-plakett» av formannen Einar Grønnes. Dei kan vera stolte av resultatet av jobben som er gjort her!

Bilde av et hus som nederst er bygd opp av stener og på toppen er det torvtak. Foran er det en liten bålplass. På bildet står det med hvit skrift 'Steinløa i Steinslettet' øverst. Og under bildet med blå skrift står det 'Takk for innsatsen!'
Dugnadsgjengen og grunneigarane fekk kvar sitt innramma bilete av steinløa.

Årsmøtet vart avslutt med middag, dessert og kaffe – som vanleg god mat på Hammerstuene!

En mann holder seg på brystet mens han ser på og forteller om et bilde på en storskjerm foran seg
Bjarne Holten viste bilet og orienterte om arbeidet med restaureringa av steinløa.
Powered by Labrador CMS