ANNONSE:

Invitasjon til fellesskap

Stangvik sokneråd inviterer ukrainske flyktningar og bygdafolk til Stangvik kyrkje laurdag 13. mai kl 13!

– Vi gjer dette for å bli litt kjent med dei ukrainske flyktningane som bur i bygda, seier soknerådsleiar Rannveig Brøske.

Soknerådet serverer kaffe, saft, skuffkake og frukt. Torbjørn Brøske orienterer litt om kyrkja og det lokale gudstenestelivet. Og det blir sjølsagt høve til å tenne lys i globen, og helse på våre nye innflyttarar.

Kanskje avsluttar vi med å synge «Kyrie Eleison», frå Salmeboka nr 976.2, med melodi frå Ukraina.

Møt opp og ta ein prat!

Powered by Labrador CMS