Bilde frå kyrkje med tre portrettfoto foran
Pianisten Hedda Hansen Berg og songarane Sigrid Bøe, Torstein Fosmo og Tonje Eero Hove lovar juleperler i Stangvik-kyrkja fredag.

Juletonar i Stangvik

«Tonar i julenatt» er årviss konsertoppleving i Stangvik kyrkje. Fredag kveld byr TriOpera med musikkvenner igjen på eit lekkert program.

Publisert

Operatrioen består denne gong av pianist Hedda Hansen Berg og songarane Sigrid Bøe og Tonje Eero Hove. Med seg har dei tenoren Torstein Fosmo og strykargruppa Trio no Treble. Her spelar Ivan Penjin bratsj, Eivind Rossbach Heier cello og Jostein Bolås Brødreskift kontrabass.

Trio non Treble – her med Ivan Penjnun (frå venstre), Eivind Rossbach Heier og Jostein Bolås Brødreskift.

Kva serverer de utover kvelden?  Vi spør Sigrid Vetleseter Bøe. 

- Det blir perler på snor! Konserten startar instrumentalt med «Julverset» - ein folketone nettopp frå Stangvik. Trio no Treble byr elles på sin snedige versjon av «Mitt hjerte alltid vanker» og nokre nyare ting i tillegg til å følgje oss songsolistane, seier ho.

Ivan, Eivind og Jostein spanderer også julenøtter til «Askepott» attåt det glitrande klaverpartiet som Hedda spelar.

Tonje og Sigrid og Hedda syng «Hyrdearien» frå Handels Messias, fleire soli kvar og dannar fullt enesemble med tenor Torstein og instrumentalistane. Tenoren frå Hommelvika er sjøl solist i «Den hellige stad».

Mest aktiv gjennom programmet: Pianisten Hedda Hansen Berg

På snora glitrar elles perler som «Morgen», «Koppången» og «Jul, jul, strålande jul», carols, viser og «Nordnorsk julesalme».

- Og ikkje minst skal publikum få delta, seier Sigrid og lovar både «Det lyser i stille grender» og «Deilig er jorden». Til desse har ho plassert pappa Bernt på orgelkrakken.

Med avlysinga av ein annan julekonsert i Stangvik er det grunn til å tru at folk kjenner si - og desse utøvarane si - besøkelsestid og møter på «Tonar i julenatt» denne fredagskvelden.

Stangvik sokneråd er medarrangør saman med TriOpera.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS