Aurora Dønheim Berle, Kristian Gjersvold og Una Langeland Gravvold

Overbeviste på landslagssamling

Publisert

Tre utøvarar frå Surnadal har i helga vore på landslagssamling i ITF taekwon-Do i Trondheim. Dette er eit ledd i oppkjøringa til EM i Spania sist i november. Alle tre gjorde sine saker så bra på samlinga at dei også vart tekne ut på lagkonkurranser og fleire øvelsar enn det som var plana.

Aurora Dønheim Berle skal delta i sparring, mønster, lagmønster, spesialteknikk og lagspesialteknikk. Med andre ord full pakke, noko som kan vera svært krevande , for dei ulike øvelsane krev ulik forberedelse.

Una Langeland Gravvold skal vera med i mønster, sparring, lagmønster, knusing og lagknusing. Begge deltek i klassen junior 1. dan.

Kristian Gjersvold deltek i senior 2. dan i spesialteknikk.

Dei ser alle fram til mesterskapet i Spania, men det blir ei travel tid for dei framover. Med det trykket blir det viktigaste av alt å unngå stress og skader, trene smart framfor å få alt for stor mengde på alt. Landslagssjef Arne Witzø rosar dei tre frå Surnadal, og seier at dei har tatt store skritt innan sporten. Han har trua på at alle tre kan gjera eit godt mesterskap.

Til saman er det 30 utøvarar frå Norge som skal delta. Ti prosent av kontigenten frå Surnadal er no litt artig da, spesielt med tanke på at klubben satsar mest på bredde. Men med bredde, glede og personleg utvikling kjem det ofte også ein del gode resultat. Sjøl om klubben til dagleg lever etter mottoet at bra nok er bra nok. Det kan ofte vera meir stress i det å skulle forsvare å vera best når det gjeld, enn god nok når det gjeld.

Powered by Labrador CMS