Kasper Elvenes med sølv, Ingebrigt Steinkjer frå Værnes med gull og Kristian Gjersvold med bronse i spesialteknikk

Gode prestasjoner i Taekwon-Do NM

Publisert

Utøvarane frå Surnadal Taekwon-Do klubb markerte seg godt under første dag av NM i ITF Taekwon-Do i Trondheim i dag. Med rekorddeltaking og i underkant av 500 utøvarar, var det ein del som gjekk mest over evne, medan andre kanskje sikta høgare enn dei nådde. Slik er idretten. Kjempestemning i leiren i alle fall.

For første gong i klubbens historie tok vi gull i tradisjonell sparring ved Tania Auglend og Kristian Gjersvold. Una Langeland tok sølv i mønster 1. dan eldre junior damer, Robert Filmer fekk gull i mønster for rødt belte og sølv i sparring -78 kilo. Stig Oldervik tok bronse i klassen for veteran +85 kg. Kristian Gjersvold tok bronse i spesialteknikk og sparrind -78 kg dan. Kasper Elvenes tok sølv i spesislteknikk og Alexander Nielsen tok bronse i mønster for 1.dan svart belte.

Una Langeland, sølv i mønster
Tania Auglend og Kristian Gjersvold, gull i tradisjonell sparring
Robert Filmer, gull i mønster for rødt belte og sølv i sparring -78 kilo
Powered by Labrador CMS