Tre utøvarar til Open Dutch
Surnadal NTN Taekwon-Do klubb har tre utøvarar og ein coach som drar til mesterskapet Open Dutch den 28. januar. Dette er ei av dei største og hardaste turneringene i ITF Taekwon-Do i Europa, med deltakarar frå ei rekkje land både i Europa og utanfor.
Dei tre utøvarane frå Surnadal NTN Taekwon-Do klubb drar dit for å hevde seg i toppen, men konkurransen er knallhard. Aurora Dønheim Berle er førsteårs senior og deltek både i mønster, sparring og overall sparring. Karin Johnsgaard deltek i rødbelteklassen, medan junioren Heidi Fiske går i svartbelteklassen. Med full innsats på trening og god oppbacking av dei andre ungdommane og vaksne er dei så forberedt som råd.
Klubben har eit lite konkurranseparti for tida på dette nivået, men på dei åpne klubbpartia trener alle i lag, både dei som vil vinne regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og dei som vil mosjonere, vera sosial og berre ha det gøytt.