Samarbeid skole og foreldre er viktigare enn nokon gong
Det superviktige samarbeidet mellom skole og foreldre – kvifor gjer vi ikkje meir av det? Det er jo til og med heilt gratis!
Mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø stiller seg undrande til at samarbeid mellom skole, elevar og foreldre ikkje blir prioritert høgare. Dette skriv omboda i ei pressemelding.
– Forsking viser at eit godt samarbeid mellom skole og foreldre har betydeleg positiv innverknad på elevane si læring, trivsel og utvikling. Med dei utfordringane vi ser i skolen i dag, som auke i mobbing, skolefråvær, vald og trugslar, må vi samarbeide meir enn nokon gong, er oppfordringa frå Øksenvåg og Hammerø.
Den nye opplæringslova tydeleggjer kor viktig samarbeid og foreldremedverknad er. Det er skolen sitt ansvar å ta initiativ til og leggje til rette for dette. – Vi forventar at kommunane og fylkeskommunen som skoleeigar er ein tydeleg retningsgjevar og set føringar for skolen sin praksis. Foreldre må engasjere seg og ta medansvar for å byggje inkluderande og trygge skolemiljø for alle elevar, ikkje berre sitt eige barn, oppmodar omboda.
Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet har no levert Årsrapport 2023-2024 til politikarane. Den årlege rapporten om omboda sitt arbeid skal til politisk behandling, først i fylkesutvalet 25. og 26. november, og til slutt i fylkestinget 10.-11. desember.
I årsrapporten deira er samarbeid eit sentralt tema. I det som dei kallar ombodsblikket, som er deira sitt perspektiv på barn og unge si opplæring og læringsmiljø, løftar dei fram seks tema der dei fortel om sine erfaringar og kjem med råd:
- Barnehagen – få førespurnadar: Det er få førespurnadar om barnehagemiljøet, noko som uroar omboda. Mobbing finst i barnehagen, men lovverket om psykososialt miljø er ikkje godt nok implementert, noko som kan føre til at uheldige sosiale mønster og mobbing kan gå under radaren.
- Mobbing i skolen: Det er ein bekymringsfull auke i mobbetala. Mobbing er ofte eit symptom på underliggande utfordringar i læringsmiljøet. Elevane si stemme er avgjerande for å forstå utviklinga og å førebygge og handtere mobbing.
- Samarbeid mellom skole og foreldre: Godt samarbeid har positiv innverknad på elevane si læring og trivsel. Det er behov for betre samarbeid og mindre polarisering mellom skole, foreldre og elevar.
- Ufrivillig skolefråvær: Skolefråvær startar før sjølve fråværet. Skolen må tidleg gå i dialog med eleven og foreldra for å fremme meistring og nærvær og hindre utvikling av fråvær. Det er behov for betre system og rutinar for oppfølging.
- Lærlingar i kjønnsdominerte bransjar: Auke i talet på lærlingar i kjønnsdominerte yrke er positivt, men utfordringar som fordomsfull humor og manglande fasilitetar må bli tatt tak i.
- Heving av lærekontrakt: Mange lærlingar opplever utfordringar i læretida. Eit godt lag rundt lærlingen er avgjerande for å handtere utfordringar og hindre heving av kontrakten. Bedrifter må vere bevisste på arbeidsmiljøet og støtte lærlingane.
Dialog, medverknad og samarbeid blir nemnt i fleire av punkta.
– Anten vi snakkar barnehagar, skolar eller lærebedrifter; samarbeid kan redusere mobbing, fremme trivsel og få ned fråværet. Og i ei tid der det snakkast om kutt i tilbod både i kommunar og fylkeskommunen, så er grunn til å merke seg at samarbeid er heilt gratis, seier mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø.
I møtedokumenta for fylkesutvalet sitt møte tysdag 26. november kan du lese Årsrapport 2023-2024 frå omboda.