
Søkartala til dei vidaregåande skulane er klare: – Totalt sett er vi godt fornøgde!
Nyleg vart søkartala til dei vidaregående skulane offentleggjort. For Surnadal vgs. er søkartala totalt omtrent som i fjor, og det ligg an til at alle klassar blir starta.
– Vi ser at dei fleste som bur i regionen framleis søkjer seg til oss, sjølvsagt med unntak av dei som ynskjer andre tilbod enn det vi har. Det er positivt, sier Hilde Andersen, rektor ved Surnadal vgs., til Trollheimsporten.
Samla sett har skulen likevel ein del å gå på, med tanke på kor mange dei har plass til. No er det 193 søkjarar på 239 plassar. Andersen påpeiker at dette kan naturleg forklarast med elevtalsnedgang over tid, noko som speglar synkande fødselstal.
– Elevtala vil halde fram med å synke etter kvart, med unntak av dei nærmaste åra. Dette bekymrar oss, og vi må derfor tenkje nytt, ikkje minst i samarbeid med næringslivet i regionen, sier ho.
Trenden i fylket samla er framleis at yrkesfag har hovudvekt av søkarar. For Surnadal vgs. er det meir jamnt fordelt mellom yrkesfag og studiespesialiserring. Her ser ein altså ikkje den same trenden.
På vg1 har blir klassane jamnt over fylt opp, men det er ledige plassar på bygg- og anleggsteknikk, og på elektro og datateknologi.
På vg2 er klassane fylt opp på studiespesialisering og industrifag. Elles er det ledige plassar i nokre av klassane. Det er flest ledige plassar på tømrarfag.
På vg3 er det full klasse i studiespesialisering, men ledige plassar på automasjon og påbygg til generell studiekompetanse.
– Totalt er vi altså godt fornøgde, sier rektor Hilde Andersen.
Ho slår fast at elevane sprer seg godt på dei ulike klassane, og at det ligg an til at alle klassar blir starta ved Surnadal vgs. hausten 2025. Dette blir endeleg avgjort i Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal 18. mars.