Klart for vidaregåande skole på nett i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer eit nyskapande digitalt utdanningstilbod for dei som ønsker studiekompetanse. Det melder fylkeskommunen på nettsida si.
Frå januar av kan dei over 19 år søke seg inn som elev på Nettskolen Møre og Romsdal, eit fleksibelt tilbod for alle som vil ta vidaregåande fag på nett. Nettskolen er eit nytt tilbod for vaksne som ønsker seg studiekompetanse.
Kristian Vold, avdelingsleiar for prosjektet, er drivkrafta i det nye tilbodet.
– No kan vi tilby ein moderne og smidig måte å ta vidaregåande opplæring på, seier Vold. Han legg vekt på at sjølv om undervisninga er digital, vil oppfølginga vere tett og personleg.
– Målet er at ingen skal kjenne seg aleine
I oppstarten vil ein ha eit fysisk møte for å gje elevane og lærar eit best mogleg grunnlag for vidare samarbeid, deretter er det møter og arbeid på nett som gjeld. Elevane skal ha vekevis kontakt med lærarane og kan også samarbeide med andre elevar, om dei vil. – Målet er at ingen skal kjenne seg aleine, sjølv om du gjer skolearbeidet ditt på nett, seier Vold.
– Skal skape moglegheiter for personleg vekst
Nettskolen tilbyr vidaregåande opplæring som passar inn i folk sine liv – uavhengig av geografi, livssituasjon eller tidlegare utdanningsbakgrunn.– Vi vil ikkje berre å tilby undervisning, men å skape reelle moglegheiter for personleg vekst, seier Vold.
Kven kan bruke tilbodet?
• Personar på 19+ som treng fleksibel opplæring
• Vaksne som vil fullføre eller supplere tidlegare utdanning
Korleis fungerer Nettskolen?
• Individuell tilpassing av studieløp
• Tett oppfølging av dedikerte lærarar
• Du kan sjå videoar og gjere skolearbeid når det passar deg
• Vekevis kontakt med lærarane
• Moglegheit for å samarbeid med andre elevar
Fylkeskommunen si rolle
Møre og Romsdal fylkeskommune eig og driv Nettskolen på lik linje med dei andre vidaregåande skolane. Tilbodet er eit verkemiddel for å styrke kompetansen i heile fylket, utjamne skilnader og byggje robuste lokalsamfunn.
Les heile saka på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.