ANNONSE:

Fabelaktig seniorfilm

Seniorfilmklubben på kulturhuset startar for fullt onsdag 27. september med ein fabelaktig film!

Filmklubben, som er open for alle over 16 år, hadde ein liten tjuvstart denne veka da dei samarbeidde med Demensforeininga og Helselaget om å vise flimen «Iris» som ei markering av Alzheimerdagen. Men no har filmklubben handa på rattet åleine og skal vise ni filmar fram mot jul; alle på onsdagar kl. 12.

Først ute er THE SHAPE OF WATER som er ein av dei nydelegaste filmane laga dei siste åra. Filmen stakk difor av med fleire oscarprisar i 2018, m.a. som «Beste film».

Sjølv om historia, om den døve reinhaldaren Elisas kamp for å frigjera eit sjøuhyre frå nokon som vil det ille, har sine spenningstoppar, liknar THE SHAPE OF WATER meir ein fargerik fabel. Vel verdt å få med seg!

Seniorfilmklubben får gjennom medlemskapen i Norsk Filmklubbforbund tilgang til å vise både gammal og ny film. Billettprisen er den same for alle filmane, og første betaling blir rekna som innbetaling av medlemskap. Melder du deg inn med før november, vil du også få tilbod om å sjå to filmar gratis før jul.

Neste film i Seniorfilmklubben er den sorgmuntre sjarmbomben ALLE HATER JOHAN, som blir vist 11. oktober.

 

Powered by Labrador CMS