Todalsfjordprosjektet

– Rapporten inneheld fleire interessante tilrådingar

Todalsfjordprosjektet AS har både delteke i og finansiert verdianalysen som no er gjennomført for samferdselsprosjektet, og dagleg leiar Trond Skogseth har naturleg nok lese konklusjonane i rapporten, som vart framlagt tysdag, grundig. Dette skriv Todalsfjordprosjektet AS i ei pressemelding tysdag.

Skogseth tykkjer rapporten inneheld fleire interessante tilrådingar.

– For det første så bekreftar jo Rambøll sine fagpersonar at løysingane og planverket som ligg føre i dei vedtekne kommunedelplanane er gode, og gir eit godt grunnlag for den vidare reguleringa av prosjektet. Det rimar godt med inntrykket vårt og er betryggande, seier han.

– Elles finn vi det heilt naturleg at ei verdianalyse, som nettopp skal sjå etter alternative og rimelegare løysingar, tilrår at fylkeskommunen greier ut om andre løysingar kan gjenoppstå i ein ny og meir attraktiv drakt. Dei store stigningane i stålprisar og andre innsatsfaktorar som vi har sett den siste tida har kraft til å snu opp ned på mykje.

Skogseth seier han vart litt overraska over at flytebru no blir avskrive som urealistisk, men at det skal bli spennande å sjå kva den endelege konklusjonen blir for ein lang, undersjøisk tunnel.

– Hovudmålet er at vi skal fjerne den flaskehalsen som ferja er. Dersom det viser seg at ein slik tunnel gir oss ei fullgod fjordkryssing til ein rimelegare og meir gjennomførbar kostnad, så er ingen meir positive til det enn oss.

Han fryktar ikkje at ei ny utgreiing av ei undersjøisk tunnelløysing skal forseinke prosjektet.

– Ein slik tunell vil naturleg nok medføre langt færre kontakt- og potensielle konfliktpunkt over bakken, og den skal vere enklare både å prosjektere og bygge. Så vi ser jo heller på det som ei løysing som faktisk kan vise seg å framskunde snorklippinga for prosjektet, seier Skogseth, som er optimistisk med tanke på det vidare arbeidet.

– Kommunedelplanane skisserer allereie ei god plan for kryssing av Todalsfjorden, og dersom vi i det vidare arbeid kan finne løysingar som samla sett viser seg å vere enda betre, så har jo verdianalysen absolutt gitt ein god verdi, avsluttar Trond Skogseth i Todalsfjordprosjektet AS.

Powered by Labrador CMS