Annonse
Gaue dreker på Røv mølle
Søndag ettermiddag er det full aktivitet på Røv Mølle. Det er ei lang kø med bønder som vil levere kornet sitt.
Det har vore tresking for harde livet dei siste dagane på grunn av det fine veret. Det er ein fordel for bøndene at kornet er så tørt som mogleg når det skal leverast.
Røv mølle har sett fram kaffe og plommer til slitne bønder i traktorkøa, så da passar det bra at Elise og Ingrid kjem med heimelaga muffins.
- Det er så gøy at folk blir så glade, seier Ingrid.
Jentene er nærmaste nabo til Røv mølle, og hiv seg rundt og lagar kaffebrød når dei ser at køa på mølla blir lang.
- I fjor var jentene skuffa, på grunn av koronaen vart det ikkje noko servering, fortel mamma Marianne. I år derimot tek dei oppatt tradisjonen, dei tykkjer det er stas, seier ho.
Det tenkjer vi bøndene tykkjer også!
.