Britt Sveen Bolme

–Barn og ungdom gir meg ei ro

Mitt første møte med Tante Britt var på ein post-it-lapp. «Skal til Tante Britt etter skulen» sto det. Eg var lærar på Rindal skule, og titt og ofte var det slike lappar på mateskene til elevane.

Publisert Sist oppdatert

Eg har invitert meg sjølv heim til Britt Sveen Bolme, eller Tante Britt som dei fleste kallar henne. Tantebarnet hennar, Stine Sveen Flåtten, er også med på intervjuet.

Finst dei enno, slike «nabokjerringer» med opne dører og hjarterom? Etter å ha besøkt Britt på Grinna er svaret definitivt «ja» !

Kunstelevane

Vi sit rundt kjøkkenbordet, her har Britt utsikt mot Rindal skole.

– Det er så triveleg når skulen startar igjen etter sommarferien, da blir det liv, seier Britt.

– Eg sit ofte og tittar på barna, det er ei glede. Eg er heldig som bur så nær skulen.

Britt har god utsikt til skulen og elevane

Måndag ettermiddag har fleire år vore «heilag» for Britt. Da har ein gjeng kunstelevar vore på besøk med henne før timen på Kulturskulen. Det har dei gjort sidan dei gjekk på barneskulen til dei vart ferdige på ungdomsskulen.

Desse ettermiddagane kunne ikkje Britt ha noko anna planlagt. Elevane gjekk rett frå skulen til kjøkkenet til Britt, der fekk dei nysteikte bollar og gjorde lekser.

– Det var så mange ungdommar her at det ikkje var plass til meg ved kjøkkenbordet. Eg sat på ein liten kiststol ved veggen og følgde med på praten, seier Britt og smiler.

Når ho snakkar om ungdommane lyser ho opp. At ho saknar denne gjengen er det ikkje tvil om.

Eg spør om korleis det gjekk til at alle desse kunstelevane kom på besøk kvar måndag.

Ho fortel at det begynte med at Trine, dottera til Stine, kom på besøk måndagane ho hadde kunst, og hadde med seg venner. Da Trine begynte på vidaregåande fortsette vennene hennar å komme.

Å slutte å ta dei imot etter at Trine slutta på Rindalsskulen, fall henne ikkje inn.

– Når ein bor så «vinjle te» skal det berre mangle, smiler Britt.

Etter bollar og lekselesing fortsette nokre å sitte rundt kjøkkenbordet og skravle, nokre la seg på sofaen eller i skuvsenga, og ein gjekk opp trappa og fann seg ein plass på altanen.

Uma Børset Bekken inviterte Britt på konfirmasjonen sin

Britt har fått ein spesiell plass i hjartet til ungdommane. Uma Børset Bekken går no på vidaregåande i Orkanger, og kan fortelje at det ikkje var berre dei som gjekk på kunst som vart med til Tante Britt etter skulen.

– Vi var mange, smiler Uma.

–Alle var velkomne. Ho er verdas koselegaste og den mest omtenksame dama som finst. Da vi hadde ein litt slitsam måndag framfor oss, var det alltid godt å vite at ein skulle kose seg med Tante Britt etter skulen, seier Uma.

– Ho var alltid så glad for å sjå oss, og vi var glade for å sjå henne. No bur eg ikkje heime lenger, men eg vil fortsette å besøke henne.

Grinna

Grinna heiter huset Britt bor i, midt i sentrum av Rindal. Her har ho budd heile sitt liv.

– Mor mi var postopnar i stua her, seier Britt å peiker på ein av dei koselege stuene i huset.

– Da eg og bror min vart født, vi er tvillingar, sprang storesøster mi Anne til naboane og sa «Oss ha fått to, men oss ska itj slakt nånn tå dem» . Anne hadde vore med til heimgarden til mor, og opplevd at tvillingkalven måtte bøta med livet.

Huset vitnar om eit menneske som er glad i folk. På veggane i gangen og på kjøkkenet heng det mange bilete av vaksne og barn. Huset har ein lun og god atmosfære. Her er det godt å vera.

På loftet er det eit rosa pikerom. Det var rommet til tantebarnet Stine.

– Eg budde ikkje langt unna Grinna da eg var lita, men eg sov mange netter på det rommet, fortel Stine.

Britt og tantebarnet Stine.

– Ho er som ei ekstrabestemor for meg. Da eg var lita gjekk eg rundt til naboane med bollar som Tante hadde baka. Det var ikkje nok med ei fol med bollar. Alle skulle få.

–Ja, men det er nå godt for folk med noko godt, skyt Britt inn frå sida.

Det rosa rommet på loftet har vore godt å ha for dei begge.

–Da mannen min døde ringte eg foreldra til Stine og fortalde kva som hadde skjedd. Stines første reaksjon var «Eg kjem, eg» . Det var veldig godt, seier Britt.

Barsel- og spedbarnspleier

Britt har alltid vore yrkesaktiv. Ho utdanna seg som barsel- og spedbarnspleier i Hamar og reiste heimatt for å jobbe på fødestua i Rindal. Tida på fødestua var ei fin tid. Fødestua vart etter kvart nedlagt, ho tykte det var «kjøle» at damene no måtte heilt til Orkanger for å føde.

I staden for å fortsette som barselspleier på sjukehuset i Orkanger begynte Britt å jobbe med eldre i Rindal.

– Å arbeide på Helsetunet ga meg så mykje. Eg gledde meg på jobb kvar dag, smiler Britt.

Sjølv om ikkje Britt jobbar lenger har ho nok å finne på. Ho har blant anna vore med i barneforeninga i Rindal sidan ho var 16 år.

– Eg sa til tantebarna mine at eg skulle slutte i barneforeninga når ungane deira vart for gamle til å bli med, men eg er med enno, da, sjølv om dei har slutta, seier ho og ler.

Når det er Småtrolluka i Rindal er huset hennar fullt av slektningar og andre barn. Golvet i gangen er dekka av fotballsko og sure sokkar.

Stine fortel om ein gong det var så stygt ver på Småtrolluka. Det regna og blas og stemninga var ikkje heilt på topp. Da Stine møtte Britt dagen etterpå sa Britt «For ein fin dag det var i går!» . Stine stussa litt på svaret, det hadde jo regna i bøtter og spann. Så kom ho på synet som møtte ho utafor Grinna dagen før, flokken med gutar og jenter som var på veg inn på kjøkkenet til Britt. Ikkje rart Britt syntest dagen hadde vore fin.

Gammeltantebarna

Medan eg er på besøk stikk gammeltantebarnet Joakim og sambuaren hans Ingeborg innom. Ingeborg fortel at det er heilt naturleg for ho å stikke innom Tante Britt enten før eller etter arbeid, eller når ho går tur med hunden.

Joakim Sveen Flåtten, Ingeborg Haugan med hunden Ludvig stakk innom da Trollheimsporten var på besøk

Dei er ikkje dei einaste som stikk innom tante Britt i løpet av ein dag. Her er det ope hus.

–Gammeltantebarna går rett inn, og er ikkje Britt heime, går dei inn, likevel, ler Stine.

– Her kjem dei etter skulen, før trening eller etter fest, og dei er alltid velkomne. Det har vore mykje middagsbesøk og overnattingsbesøk, ja. Du er glad det skjer ting, du hadde tolt at det hadde vore basar annakvar dag, du, seier Stine og kikar bort på tanta si.

Britt tenkjer seg om før ho svarer.

Britt og Åsa – Åsa betyr veldig mykje for meg, seier Britt.

– Nei, men kanskje eit par gong i månaden hadde vore greitt, seier ho og ler.

Eit av gammeltantebarna til Britt har ein spesiell plass i livet hennar, det er Åsa Ranes. Åsa har Angelmans syndrom og treng mykje hjelp.

– Eg har besøk av Åsa kvar helg og i fleire høgtider, fortel Britt.

– Ho gir meg enormt mykje. Eg gler meg til kvar fredag ho kjem.

Stine er så takknemleg for samlingspunktet som Grinna har vore for søskenbarn og trimenningar. Ho fortel at ungane hennar har god kontakt med storfamilien, noko ho kan takke Britt for.

Får mykje tilbake

–Blir du aldri sliten, spør eg Britt.

–Nei, barn og ungdom gir meg ei ro, seier Britt. Eg gir, men eg får mykje meir tilbake.

Britt og mannen fekk ikkje barn, men ho har fått lånt veldig mange.

– Det er ikkje nokon som har hatt så mange barn som deg, tante, seier Stine.

– Du veit, det er to uttrykk ein må læra seg å seie når ein kjem flyttande til Rindalen.

– «Kjøle gøitt» og « Tante Britt» .

Powered by Labrador CMS