Annonse
Brøytebil av vegen
Ein brøytebil var uheldig i bakken ned mot Mjohølbrua i Rindal i ettermiddag. Plogen tok tak i klangen midt på vegen og drog brøytebilen over på venstre sida av vegen og ut i kanten.
Trass i den sakte brøytefarten grov bilen seg godt ut i kanten, så den er ikkje til stort hinder for trafikken som kan passere i eitt kjørefelt.
Bergingsbil var på plass etter eit par times tid.
Det er elles grunn til forsiktig kjøring no om dagen. Det er "null-føre" og glatt snøføre både for store og små bilar.