FRAM melder

En buss i Kristiansund
FRAM varsler om mulig streik på buss og ferje onsdag

Varsel om eventuell streik for buss og ferje frå 2. april

På grunn av mekling i lønnsforhandlingar for tilsette i Vy Buss og Fjord1, kan det bli streik frå onsdag 2. april. Vy Buss driv bussruter på vegne av FRAM i store delar av Møre og Romsdal. Fjord1 driv mange ferjeruter. Streikeuttaket vil sannsynlegvis resultere i at alle bussrutene blir innstilt, og nokre ferjer. Dette skriv FRAM i en pressemelding mandag.

Publisert Sist oppdatert

- Vi har fått varsel om at nær alle tilsette i Vy Buss i Møre og Romsdal kan bli tatt ut i streik, i tillegg til nokre tilsette i Fjord1, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.

 FRAM vil beklage til alle dei reisande som blir berørt.

Buss

Område som kan bli berørt av streik i Vy Buss er Ålesund og Sunnmøre, Molde og Gjemnes, Sunndalsøra og Surnadal. 

I tillegg vil ein streik omfatte langdistanseruter til Trondheim, og FRAM ekspress mellom Volda - Kristiansund. Togbuss og skoleskyss blir også berørt.

Ferje

Ferjer som kan bli berørt av ein eventuell streik er:

B-ferja Magerholm-Sykkylven 1055

C-ferja Hareid-Sulesund 1068

B-ferja Seivika-Tømmervåg 1063

Sjå oppdatert informasjon om innstilte turar i reiseplanleggaren i FRAM-app eller på frammr.no.

Merk at reisegarantien til FRAM ikkje gjeld i samband med streik.

Powered by Labrador CMS