FRAM melder
FRAM og Vy buss inngår kontrakt for 1,1 milliard
Vy Buss AS har vunne anbodskonkurransen om drift av ekspressbussar på Nordmøre og i Romsdal, i tillegg til ruter i fleire kommuner. Avtalen blei signert torsdag 30. januar.
Vy har kontrakten i dag, men har no signert for 10 nye år. Komfort og tryggleik for passasjerane blei lagt vekt på i anbodet, i tillegg til miljøkrav og pris. Kontrakten har oppstart 1. juli 2026 og har ein verdi på 1,1 milliardar kroner. Dette skriv FRAM i er pressemelding fredag.
- Vi er glade for å signere med Vy, ein erfaren aktør som vi har samarbeida med lenge, seier avdelingssjef i FRAM, Stig Helle-Tautra.
Heidi Renolen, regiondirektør i Vy Buss AS, ser fram til å forberede oppstarten.
- Vi er fornøgde med å ha vunne anbodet, og gler oss til å drifte rutene og skoletransporten i dette området i ti nye år, seier ho.
Utsleppsfri på lang distanse
FRAM fortset satsinga på utsleppsfrie bussar, noko som betyr null utslepp av CO2. Energiforbruket er også redusert.
- Det er svært gledeleg at ekspressbussen til Trondheim blir elektrisk, seier Helle-Tautra.
- Utviklinga av batteri og ladeinfrastruktur har no opna for at langdistansebussar også kan bli utsleppsfrie.
Dette er ein del av den nye kontrakten. Elbussar er også meir stillegående, noko passasjerene vil merke på komforten.
Dette inngår i kontrakten
I den såkalla “rutepakke 6 ” inngår ekspressbussrutene 901 Kristiansund-Sunndalsøra, 902 Surnadal-Molde og 905 Molde-Kristiansund-Trondheim. I tillegg inngår rute- og skolekøyring i kommunene Surnadal, Sunndal, Tingvoll og delar av Molde kommune (tidligere Nesset kommune). Togbussen på Nordmøre ligg inne som ein opsjon i kontrakten, men per no manglar det finansiering for å utløyse opsjonen. Det vil seie at dersom det kjem ei politisk avgjersle på finansiering, så inngår den i rutepakken.