–Ein må tora å ta ansvar
10. klasse har eit kompetansemål i kroppsøving som seier at dei skal forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp. Rindal Røde Kors vil gjerne hjelpe skulen med å nå dette målet, og kom difor på besøk onsdag morgon. I tillegg til undervisning hadde dei med ei gåve til kvar klasse på Rindal skole.
Rektor Mette Skjølsvold Aasen og inspektør Sondre Bjørnstad er glade for at Røde Kors hjelper til i førstehjelpsundervisninga i 10. klasse.
– Ungdommane kan lett komme borti situasjonar der slik kunnskap er livsviktig, seier Mette.
Elevane skal læra seg førstehjelp og grunnprinsippa i hjerte- og lungeredning.
Ungdommane øvde seg på kva spørsmål dei skulle stille pasienten, og korleis dei skulle legge støttebandasje. Nokre av elevane prøvde seg på hjerte- og lungeredning.
– Det er veldig viktig å tørre å ta ansvar når ein er vitne til ei ulykke, eller om ein ser ein person som av ulike årsaker treng hjelp. Gå bort og snakk med vedkommande, ta i dei, spør korleis det står til, seier Richard.
– Ein må tora å ta ansvar, det reddar liv.
Richard hadde også med seg gåver til Rindal skole. Kvar klasse fekk seg ei førstehjelpspute som dei kan ha på klasseromma, og som passar i sekken når dei er på tur.
SJÅ BILDESERIE AV FLINKE UNGDOMMAR UNDER: